God sommer fra Conscia Norge!

Husk de cyberkriminelle tar ikke sommerferie – les Magnar sine sikkerhetstips!

Då nærma me oss ferietid, og rolege dagar med avslapping ligg framfor oss. Diverre tek ikkje dei kriminelle ferie.Som ein del av sumarhelsinga ynskjer me å kome med nokre velmeinte sikkerheitstips:

Til deg som privatperson:

  • ALLTID bruk kredittkortet, både på sjølve reisa og når du bestiller reisa. I dei fleste kredittkort ligg det forsikringar mtp avbestilling og anna – men det viktigaste er at dersom du vert svindla (kort vert avlest, kort-informasjon på avvege) så ligg det forsikring for dette og
  • Sett i livet “godt naboskap” igjen. Avtal med naboar om å ta inn posten, legg søppel i søppeldunk, klipp plenen, ha eit auga med eigendomen. Og når naboen er vekk, gjer du sjølvsagt det same i retur
  • Vær varsom med å publisere “live” i sosiale medier kvar du er. Ta heller ein masse bilete og legg ut når du er heimkomen. Dersom personverninnstillingane dine ikkje er på stell, fortel du gud og kvarmann at du ikkje er heime.
  • Dersom alarm-selskapet ditt har den innstillinga, aktiver “på ferie” når du er vekkreist. Då veit vekterselskapet at her skal det ikkje vere nokon heime, og dermed agere snøggere på eventuelle varsel

Til organisasjonen:

  • Ha oversikt over beslutningstakara. Kven skal/ kan kontaktas når ting går skeis?
  • Har dykk nokon som held eit auga med miljøet dykkar når dykk sjølve er på ferie? Slik som eit alarmselskap gjer for huset? Vurder å inngå avtale om overvaking, enten av deler av miljøet eller heile. Til info vil overvaking av EDR-løysningar så som Microsoft Defender for Endpoints eller Palo Alto Cortex XDR Pro gje 50-70% oversikt.
  • Korleis er avtalane med partnera? Gjer ein avsjekk med dei dykk kan risikera å verta avhengige av. Har dei personell tilgjengeleg ved krise? Inngå gjerne ein beredskaps- og responsavtale.

Har du desse tinga på plass, kan ein trygt senke skuldrane og ta ein velfortent ferie.

 

Har du flere spørsmål rundt sikkerhet? Send en mail til sikkerhet@conscia.com