IT, IoT, OT – mykje har skjedd og meir vil skje

I mange år var det eit tydleg skilje mellom IT og OT. Nokon gjekk rundt i lab-frakk og prata (nesten) berre radiospråk, merkelege protokollar og frekvensar, medan oss andre satt med nasen ned i ein pc eller satt innpå eit kaldt serverrom og jobba. Tida går heldigvis framover, og samanslåinga mellom IT og OT kjem sterkare og sterkare.

Industri 4.0 har verkeleg satt fart på det, saman med IIoT (Industrial Internet of Things). Alt skal no vera tilkopla, helst over IT, og mykje av «dingsane» MÅ kommunisera med skya for å fungere.

Kor mange sikkerheitsutfordringar dette dreg med seg skal me ikkje røyre oss inn på no, då vert innlegget ALT for langt – men i botn av alt dette, om det er IT, OT, IoT eller IIoT, så treng du ein god infrastruktur. Mange har lenge helde fast ved infrastruktur levert frå leverandøren av OT – og har då enda opp med ein infrastruktur for OT og ein anna for IT. Tidlegare var dette inga problem, det var tross alt 2 forskjellige grupper med personell som administrerte dette. MEN, no er samanslåinga av IT og OT på full fart – og med eit vert det utfordrande å ha to ulike produsentar på dei ulike områda.

The Forrester Wave

Sjølv om Cisco ikkje har vore så sterke innanfor OT, har strategien dei siste åra verkeleg brakt dei opp til eliten – Cisco er no ein av leiarane innanfor ICS Security.

Forrester er kjende for å lage sine «bølgjer» (Waves), og har no nyss lansert ein artikkel om ICS (Industrial Control Systems) Security Solutions, Q4 2021. Fleire produsentar har vore invitert til å delta i undersøkjinga, deriblant Cisco.

Frå artikkelen:

«Despite the name, Cisco’s strategy for IoT Threat Defense makes it a Leader. Cisco acquired Cyber Vision, formerly Sentryo, in August 2019. Cisco has been busy integrating Cyber Vision with its industrial networking and security gear to create IoT Threat Defense. The portfolio of products in Cisco IoT Threat Defense includes Cyber Vision (visibility and threat detection), Secure Industrial Firewalls, Identity Services Engine (ISE — segmentation), Secure Endpoint (for Level 2 and 3 assets), and SecureX (SOAR). Its superior product strategy is to enable ICS asset owners to move toward a Zero Trust model.»

Vil du vite korleis Conscia kan hjelpe dykk med sikre løysingar for IT, OT, IoT og IIoT? Ta kontakt med din kontaktperson i Conscia allereie i dag.

Magnar Barsnes, Løysningsarkitekt IT-sikkerheit

Kontakt
Ta kontakt med Conscias eksperter