God sommar frå Conscia Norge!

Hugs; dei cyberkriminelle tek ikkje sommerferie – les Magnar sine tryggleikstips!

Då nærmar me oss ferietid, og rolege dagar med avslapping ligg framfor oss. Diverre tek ikkje dei kriminelle ferie. Som ein del av sommarhelsinga ynskjer me å kome med nokre velmeinte tryggleikstips:

Til deg som privatperson:

 

  • ALLTID bruk kredittkortet, både på sjølve reisa og når du bestiller reisa. I dei fleste kredittkort ligg det forsikringar mtp avbestilling og anna – men det viktigaste er at dersom du vert svindla (kort vert avlest, kort-informasjon på avvege) så er du forsikring mot dette og.
  • Sett i livet “godt naboskap” igjen. Avtal med naboar om å ta inn posten, legge søppel i søppeldunk, klippe plenen, ha eit auge med eigendomen. Og når naboen er vekk, gjer du sjølvsagt det same i retur.
  • Vær varsom med å publisere “live” i sosiale medier kvar du er. Ta heller ein masse bilete og legg ut når du er heimkomen. Dersom personverninnstillingane dine ikkje er på stell, fortel du gud og kvarmann at du ikkje er heime.
  • Dersom alarm-selskapet ditt har den innstillinga, aktiver “på ferie” når du er vekkreist. Då veit vekterselskapet at her skal det ikkje vere nokon heime, og dermed agere snøggere på eventuelle varsel

 

Til organisasjonen:

 

  • Ha oversikt over beslutningstakarar. Kven skal/ kan kontaktas når ting går skeis?
  • Har de nokon som held eit auge med miljøet dykkar når de sjølve er på ferie? Slik som eit alarmselskap gjer for huset? Vurder å inngå avtale om overvaking, anten av deler av miljøet eller heile. Til info vil overvaking av EDR-løysningar, så som Microsoft Defender for Endpoints eller Palo Alto Cortex XDR Pro gje 50-70% oversikt.
  • Korleis er avtalane med partnarar? Gjer ein avsjekk med dei de kan risikera å verta avhengige av. Har dei personell tilgjengeleg ved krise? Inngå gjerne ein beredskaps- og responsavtale.

Har du desse tinga på plass, kan du trygt senke skuldrane og ta ein velfortent ferie.

Har du fleire spørsmål om tryggleik? Send en e-post til [email protected]